Miljømål

Desse miljømåla er utarbeidde for prosjektet:

Energi

Maksimalt årleg energiforbruk skal vere 120 kWh/m² (BTA).

Føresetnadene for dette miljømålet er:

  • Bygget får ei maksimal brukstid på ti timar per dag, fem dagar i veka
  • PCar skal vere avslegne utanfor brukstida.

Delmål 1.1: Utforminga av bygget skal gi minst mogleg varmetap, kjølebehov og energibruk.
Delmål 1.2: Bruken av energi til tekniske installasjonar skal reduserast.

Ressursbruk/materialval

Det er eit mål å redusere bruken av ressursar slik at miljøbelastninga blir mindre.

Delmål 2.1: Utskifting av materialar som følgje av fuktskadar må unngåast. Det skal rapporterast maksimalt éin fuktskade per år i reklamasjonstida.
Delmål 2.2: Hyppig utskifting av materialar som følgje av slitasje må unngåast.

×