HiT Porsgrunn. Nytt auditorium

Publisert 15.09.2014

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2014.

Statsbygg har fått i oppdrag å vere byggherre for utvidinga av Høgskolen i Telemark, Porsgrunn. 

Utvidinga består av eit nytt auditorium med 351 plassar, etablering av kafé/fellesarealer i tilknytning til auditoriet samt utviding av biblioteket med cirka 300 m2. Det er ein føresetnad for prosjektet at bygga blir liggjande inntil den noverande bygningsmassen slik at fellesareala kan utnyttast i størst mogleg grad.

Høgskolen i Telemark har i perioden 2002 til 2009 hatt ein årleg vekst av studentar på 7 prosent. Utvidinga av studiestaden i Porsgrunn skal betre kontorforholda og studenttilboda på høgskolen.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Kjølnes ring

3918 PORSGRUNN

Fakta

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Prosjektering: Totalentreprise
Brutto bygningsareal: ca 1600 kvm
Miljø: TEK10-5%
Byggjestart / ferdigstilling: april 2013 / april 2014
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 73. mill. kr. (prisdato juli 2012)
Prosjektnummer: 11932

×