HSN, Campus Porsgrunn. Studenthus

Publisert 10.03.2017

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2017.

Høgskolen i Sørøst-Norge ønskjer å byggje eit nytt studenthus på campusen i Porsgrunn. Eksisterande studenthus er svært slite, ligg ugunstig plassert i eit bustadfelt og er for lite og umoderne for behova i dag. Eit nytt studenthus vil ha ein kapasitet som står i samsvar med dagens studenttal, og i tillegg vil det bli plassert på campus og bidra til å skape ein levande studiestad. Areala blir òg meir tilgjengelege for bruk til studieaktivitet og eksamensavvikling.

Eit nytt studenthus er ein del av utviklingsplanen for å skape ein attraktiv studiestad i Porsgrunn, og det er viktig at det fysiske læringsmiljøet er på linje med dei andre studiestadene høgskolen har, i Bø og Notodden. Høgskolen treng fleire grupperom for å erstatte ein gammal brakkerigg som må rivast, og i tillegg er det behov for meir areal for avvikling av eksamenar.

Bygget er tenkt å romme studentkro med kafé og bar, scene med garderobe og backstage, grupperom, møterom og studentkontor. Arealramma er sett til 1000 m2 i to plan utan kjellar. Bygget skal oppførast på campusområdet, innanfor eigedommen til Statsbygg som er regulert til undervisningsformål.

Arkitekt er Feste Grenland.

Miljømål

Studenthuset skal bygges etter passivhusstandarden med energimerke A. I tillegg til dette vil bygget ha 352 m2 med solceller som vil produsere 55 000 kWh årlig.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Kjølnes Ring 56

3918 PORSGRUNN

Fakta

Oppdragsgivar: Høgskolen i Sørøst-Norge
Brutto bygningsareal: 1.000 kvm
Oppstart/Ferdigstilling: 1. kv. 2016/1. kv. 2017
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 41,8 mill. kr (prisdato sept. 2015)
Prosjektnummer: 1034101

Reidar Søbstad
Prosjektleder
Mob. 90922118
Send e-post

×