Prosjekt MedieVolda

Statsbygg fekk i september 2016 i oppdrag frå Høgskulen i Volda å prosjektere eit nybygg for mediefag.

I 2021 får Høgskulen i Volda splitter nytt mediebygg, tilpassa ei medieutdanning for framtida. Bygget skal huse alle mediefaglege utdanningar, 500 mediestudentar og femti tilsette, samt vere senter for arbeid med digital kompetanse i læring. 

Nybygget skal plasserast på campus og vil innehalde areal for produksjon, undervisning og tilsette. Nokre produksjonsrom (TV-studio) og areal for animasjon vil framleis liggje i Hans Strøm-bygget.

Prosjektet har blitt gjennomført som totalentreprise med forslag til løysing og kostnadstak. I ein avgrensa anbodkonkurranse blei fire løysingsforslag med pristilbod hausten 2018 leverte til Statsbygg. I desember 2018 vann «EXPO» konkurransen. Bak forslaget står totalentreprenøren PEAB / K Nordang AS.

Følg bygginga live (oppdaterast kvart 15. minutt)

Sjå høgskulens eigen prosjektside.

Bygget har eit bruttoareal på ca 3900 kvm og blir liggjande mellom Berte Kanutte og Hans Strøm. Nybygget og eksisterande bygg blir bundne saman av eit mellombygg.  Forventa byggetid er ca 18 månader.

Byggeprosjekt. Pågående
Undervisning og forskning

6100 VOLDA

Prosjekt MedieVolda (PMV)

Oppdragsgivar: Høgskulen i Volda
Brutto bygningsareal: ca. 3900 kvm
Byggestart/ferdigstilling: November 2019 / juni 2021 
Status: Gjennomføringsfase
Prosjektnummer: 1130701

Jens Kristian Hersløv
Prosjektleder
Mob. 90815812
Send e-post

×