Hustad fengsel. Rehabilitering

Publisert 18.11.2013

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2011.

Hustad fengsel ligg i Fræna kommune og er ei eining med både høgt og lågare sikringsnivå. Fengselet blei teke i bruk 1. januar 2005 og har ordinær kapasitet på 44 plassar.

Rehabiliteringsprosjektet til Statsbygg på Hustad fengsel omfattar utskifting av alle fasadeplater, trepanel og vindauge på hovudbygningen. Ein stor del av vindauga er sikringsvindauge. All eksponert betong i fasadane blei rehabilitert i fjor. Når prosjektet står ferdig, er dermed heile fasaden på hovudbygningen rehabilitert.

Byggeprosjekt. Ferdige
Fengsel

6444 FARSTAD

Fakta

Oppdragsgivar: Statsbygg, region vest
Prosjektering: Asplan Viak AS
Brutto byggjeareal: 6152 m2
Oppstart / Ferdigstilling: September 2010 / Sommar 2011
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 8.8 mill. kr (prisnivå juni 2010)
Prosjektnummer: 72082

×