Katmandu. Ny ambassadørbustad

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2012.

For Utanriksdepartementet skal Statsbygg byggje ny ambassadørbustad i Kathmandu, Nepal. Den nye residensen skal omfatte areal for representasjon og den private bustaden til ambassadøren.

Prosjektet medfører at det nylig ferdigstilte kanselliet og ambassadørbustaden blir samla på same tomta i eit heilskapleg ambassadeanlegg. .

Det er lagt vekt på å bruke lokale materiale og løysingar som samsvarer med lokal byggjeskikk.

For å ta omsyn til mangel på vatn blir det bygd tankar for oppsamling av regnvatn som skal brukast til vatning, sanitær, bilvask og eventuell sløkking av brann. Lågt energiforbruk skal oppnåast ved bruk av solfangarar til oppvarming av vatn.

Byggeprosjekt. Ferdige
Ambassade

Kathmandu

NEPAL

Fakta

Oppdragsgivar: Utanriksdepartementet
Prosjektering:
Kristin Jarmund Arkitekter AS
MRB and Associates
Niels Axel - byggjeleiar
Entreprenør: Sharma & Co.
Brutto bygningsareal: 883 kvm
Byggjestart / Ferdigstilling: August 2010 / 1. halvår 2012
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 26. mill. kr. (juli 2011)
Prosjektnummer: 11580

×