UiB, Kunst, musikk og design. Nybygg

Statsbygg fikk i juni 2013 i oppdrag å detaljprosjektere og bygge eit nybygg for UiB, Fakultet for kunst, musikk og design (tidligere Kunst- og designhøgskolen), med utgangspunkt i eit studenttal på 300 og eit ansattal på 100. 

Tomta ligg på Møllendal i Bergen der det står ein særeigen industrihall frå 1950-talet, ein del av Sverre Muncks kranfabrikk. Tomta er på 11 450 kvadratmeter og er eigd av staten ved Statsbygg. Steinmuren og trea langs Møllendalsveien har kulturhistorisk verdi, og delar av muren blei verna.

UiB, Kunst, musikk og design leide tidlegare lokale seks stader i Bergen, noko som førte til tungvint drift. Samlokalisering skal gje vesentlege innsparingar i energibruk, transport og andre driftsutgifter. Dei nye lokala skal fremje det tverrfaglege og bidra til utviklinga av samansette kompetansar.

Statsbygg fekk i oppdrag å realisere prosjektet, og Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2013 ei startløyving til byggjeprosjektet. Reguleringsplanen blei godkjend av Bergen byråd i august 2013. Igangsettingstillatelsen blei gitt hausten 2014. Byggjearbeida starta opp i mai 2015 og bygget blei ferdigstilt 30. april 2017. Statsbygg eig og drifter bygget. Universitetet i Bergen, ved fakultet for kunst, musikk og design er leiger lokala. 

Prosjektet blei gjennomført ved bruk av lean prosessplanlegging, lean prosjektering, systematisk ferdigstillelse og lean bygging. Dette har bidratt til at prosjektet er levert til avtalt tid, kostnad og kvalitet.

Les om byggjeprosjektet på nettsidene til UiB.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Møllendalsveien 61

5009 BERGEN

Fakta

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Byggjestad: Møllendal, Bergen
Brutto bygningsareal: 14.800 kvm
Byggjestart/ ferdigstilling: 2014/ 2017
Status: Byggefase
Kostnadsramme: 1,114 mrd. kr. (01.07.2016)
Prosjektnummer: 1000801

×