Molde trafikkstasjon. Tilbygg, ombygging

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2012.

Statsbygg har fått i oppdrag å greie ut om tilstanden til eksisterande bygg ved Molde trafikkstasjon, også når det gjeld inneklima. Ei utviding av trafikkstasjonen skal òg vurderast.

Statens vegvesen ønskjer ei utgreiing av tiltak for å betre arbeidsmiljøforholda ved Molde trafikkstasjon. Dei ønskjer òg ei tidsmessig oppgradering av lokala.

Prosjektet inneber ei totalrenovering av eksisterande bygg og oppføring av to nye tilbygg. Eksisterande bygg vil framleis fungere som kontorareal.

Arkitekt har vært Kvernaas Arkitekter AS.

Byggeprosjekt. Ferdige
Veg- og trafikkstasjon

Årødalen

6422 MOLDE

Fakta

Oppdragsgivar: Statens vegvesen
Prosjektering: Christie & Opsahl AS (totalentreprenør)
Brutto bygningsareal:
Eksisterande verkstad 345 kvm
Eksisterande kontor ombygging 396 kvm
Tilbygg ekspedisjon 198 kvm
Tilbygg kantine/møterom 87 kvm
Oppstart / Ferdigstilling: November 2011 / September 2012
Status: Ferdigstilt 2012
Kostnadsramme: 26,3 mill. kr. (prisdato 01.07.2011)
Prosjektnummer: 12043

×