Skriv ut med undersider

Norges idrettshøgskole. Rehabilitering

Publisert 13.12.2016

Statsbygg har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre detaljprosjektering og rehabilitering ved Noregs Idrettshøgskole (NIH). Målet med prosjektet er ei generell rehabilitering, ombygging og oppdatering av NIHs eldste bygningsmasse, som omfattar gymbygga, sentralbygget med sambandsgang og symjehallen.

Det er ein klar ambisjon i prosjektet å ta vare på den kulturhistoriske verdien til bygga, samtidig som vi hevar den tekniske standarden, betrar energieffektiviteten, funksjonaliteten og tilgjenget slik at vi kjem opp til dagens standard.

Prosjektet er det første store rehabiliteringsprosjektet i Statsbygg til å ta i bruk BIM-teknologien heilt frå oppstarten av prosjekteringa. Teknologien skal leggje til rette for betra tverrfagleg kvalitetssikring, meir nøyaktig prosjektering og betre samhandling i prosjekteringa.

Oppstart av detaljprosjekteringa var i 2014, og planlagd ferdigstilling av prosjektet er sommaren 2017.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Sognsveien 220

0863 OSLO

Fakta

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Brutto bygningsareal: ca 17 000 kvm
Oppstart/ferdigstilling: 2014/2017
Status: Byggefase
Kostnadsramme: 851,5 mill. kr (prisdato 1. juli 2015)
Prosjektnummer: 1006101

Erik Johansen
Prosjektleder
Mob. 92841123
Send e-post

×