Historikk

Oslo fengsel avdeling A er freda, og avdeling B er bevaringsverdig. Dette set spesielle krav til arbeida som skal utførast.

Oslo fengsel består av tre avdelingar med til saman 27 bygningar: avd. A (det tidlegare Botsfengselet), avd. B (Bayern) og avd. C (Stifinner’n). I tillegg kjem Haugenstua, ei forlegningsbrakke oppført av den tyske okkupasjonsmakta under krigen, i dag kontor og lager.

I 1841 vedtok Stortinget, etter forslag frå Straffelovskommisjonen av 1837, å tildele midlar til oppføring av eit botsfengsel i Christiania. Arbeidet starta i 1844, og fengselet blei teke i bruk i 1851. Bygningen blei teikna av arkitekt Heinrich Ernst Schirmer. Ved inngangen ligg direktør- og prestebustad på kvar side med stallar i bakkant. Alle bygningane er i teglstein.

På slutten av 1930-talet blei fengselet utvida med avdeling B, tidlegare Christiania Actiebryggeri. Den nye avdeling B fekk to store cellebygningar i fem etasjar, ein i den gamle bryggjerihallen og eit nybygg, i tillegg til verkstader og administrasjon. Avdeling C (Stifinner’n) ligg i dei gamle lokala til bryggjeridirektøren, som seinare var fengselssjukehus.

×