Miljømål

Desse miljømåla er sette for dette prosjektet:

Energibruk

  • Maksimalt årleg energiforbruk er 150 kWh/m2. Skal utreknast etter NS 3031.

Avfallshandtering

  • Sjå punkt 3.3 i Totalentrepriseboka.
  • Det blir stilt krav til «reint og tørt bygg» i planlegginga og utføringa av dei enkelte delarbeida og det ferdige bygget. Byggjeprosessen skal tilfredsstille krava i RIFs handbok Rent tørt bygg.

Materiale

  • Bygget skal prosjekterast som eit tradisjonelt bygg med få og godt utprøvde materialar.
  • Bygningen skal vere planlagd og utført miljøriktig og ha framtidsretta løysingar for å avgrense miljøbelastninga. Vald detaljering og løysingar skal leggje til rette for at seinare ombygging kan skje utan store kostnader og miljøbelastningar.
  • Bygget skal ikkje ha materialar som inneheld stoff på «Prioritetslisten» presentert i St.mld. nr. 58 eller OBS-lista til miljøstyresmaktene.
  • Bruk av tropisk tømmer blir ikkje akseptert.

Prosjektet skal ifølgje Statsbygg sine føringar prosjekterast etter energitiltaksmetoden.

Det skal leggjast inn avgrensingar når det gjeld å kunne omfordele tiltak mellom bygningskropp og ventilasjon. Statsbygg har som krav å få høgare verknadsgrad på varmegjenvinning enn 80 %.

×