Miljømål

Dette er miljømåla som er sette for dette prosjektet.

1. miljømål: Energi

Maksimalt årleg energiforbruk i dei tre bygningane som er omfatta av prosjektet R6, skal ikkje vere større enn følgjande: Teatergata 9: 140 kWh/m2 (BTA), Keysersgate 6: 140 kWh/m2 (BTA), Keysersgate 8: 180–200+ kWh/m2 (BTA). Føresetnaden er brukstid på 12 timar kvar dag, fem dagar i veka i 52 veker.

Delmål:

  1. Utforming av bygget skal gi minst mogleg varmetap, kjølebehov og energibruk
  2. Redusere bruken av energi til tekniske installasjonar
  3. Attvinne energi frå datarom
  4. Leggje til rette for aktiv oppfølging av energi og vassforbruk

2. miljømål: Ressurs- og materialbruk

Miljøriktig material- og produktval med strenge krav til dokumentasjon av miljøeigenskapar og oppfølging i alle fasar av prosjektet.Delmål:

  1. Prosjektet skal ta i bruk ECOproduct (verktøy for miljøbevisste produktval)
  2. Unngå produkt med stoff på SFTs liste over prioriterte stoff
  3. Følgje substitusjonsplikta
  4. Unngå treprodukt frå ikkje-berekraftig skogsdrift
  5. Velje produkt med potensial for resirkulering
  6. Velje lågemitterande produkt i opphaldsrom
  7. Dei fem til ti mest brukte produkta skal ha full dokumentasjon. Her vil prosjektet stille tilleggskrav
  8. Unngå utskifting av materiale som følgje av fuktskadar. Det skal rapporterast maksimalt éin fuktskade per år i reklamasjonstida.

3. miljømål: Avfallshandtering

Redusere mengda og håndtere avfallet på ein miljøriktig måte.

Delmål:

  1. 100 prosent sanering av miljø- og helsefarlege stoff ved riving
  2. Oppnå best mogleg miljøvennleg og samfunnsøkonomisk disponering av byggjeavfallet
  3. Det skal ikkje oppstå meir enn 25 kg avfall/m2 BTA per bygg ved nybygging/ombygging/rehabilitering
  4. Minimum 60 prosent av avfallet per bygg skal sorterast ut i eigne fraksjonar på riveplassen
  5. Ved nybygg og rehabilitering skal det bevisst vurderast og helst veljast løysingar som kan demonterast, og som gir minst mogleg avfall i framtida.
  6. Avfallshandtering i driftsfasen: Minst 80 prosent av avfallet skal kjeldesorterast og leverast til attvinning
×