Utstyrsprosjektet

Statsbygg skal på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KMD, sørgje for at alt nødvendig brukarutstyr blir prosjektert og implementert og er klart til å takast i bruk når det nye regjeringsbygget, R6, står klart.

Dette er organisert som eit eige prosjekt der Statsbygg har prosjektleiing, bidreg med fagressursar og er ansvarleg for gjennomføringa.

Tre brukarar skal inn i bygget, og deira behov og ønske ligg til grunn for utstyrsprosjektet:

  • Helse- og omsorgsdepartementet
  • Landbruks- og matdepartementet
  • Servicesenteret for departementa

Prosjektet omfattar ca. 440 kontor med tilhøyrande kjøkken, opphaldsrom, fellesrom, kantine og møterom.

Prosjektet må ta omsyn til fredingsvarsla antikvariske areal når det gjeld val av møblar.

Tryggleik er òg lagt vekt på og må takast hand om på ein god måte. Dette stiller krav til interiør, møblar og materiale.

Prosjektet skal gjennomførast i nært samarbeid med representantar frå dei tre brukarane. Evne til å forme gode fysiske og funksjonelle rammer i samspel med brukar, interiørarkitekt og arkitekt er viktig i eit regjeringsbygg som dette. Vekslande romopplevingar der fargar, materiale, lys/mørke etc. blir nytta som aktive element, vil kunne forsterke opplevinga av openheit og god funksjonalitet i bygget. Dette er ei utfordring og er ein sentral del i utforminga av prosjektet.

×