Skien barne- og familiesenter. Nybygg

Publisert 27.09.2012

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2012.

Skien barne- og familiesenter gir tilbod til barn i alderen 0–13 år og foreldra eller omsorgspersonane deira. Senteret består av to seksjonar og held i dag til på to ulike stader. Prosjektet inneber ei samlokalisering av dei to seksjonane.

Statsbygg har fått i oppdrag av Bufetat, region sør, å gjennomføre ein forprosjektfase og hente inn tilbod på totalentreprise for bygging av eit nytt bygg for administrasjon og behandling, og tilhøyrande infrastruktur for institusjonen i Skien.

Byggjeplanane inneheld eit nytt bygg på om lag 575 m2 BTA i éin etasje.

Det er gjennomført arbeid med ein ny reguleringsplan for området som krev at Statsbygg investerer i ein ny hovudtilkomst, ny gang-/sykkelveg forbi eigedommen og opparbeiding av ein tømmervelteplass som vilkår for å kunne utvide barnevernssenteret.

Oppdragsgivar Bufetat, region sør
Prosjektering Spir arkitekter as og Rambøll as
Totalentreprenør: Kruse Smith Entreprenør AS
Brutto bygningsareal 575 kvm
Planlagt oppstart / ferdigstilling Oktober 2011 / juni 2012
Status Ferdigstilt
Prosjektnummer 11703

Eigedommen heiter i dag Telemark barne- og familiesenter. Senteret ligg i Gulsetringen 313. Sjå eigedomssida under.

Byggeprosjekt. Ferdige
Barnevernseiendom

Svalevegen 6

3742 SKIEN

×