Statens vegvesen, Leikanger

Publisert 26.02.2015

Statsbygg har vore byggherre for påbygg og oppgradering av Statens vegvesen sitt hovudkontor, region vest i Leikanger. Prosjektet blei ferdigstilt i 2015.

Bakgrunn for prosjektet

Til hovudkontoret for Region vest leiger Statens vegvesen i dag 3908 m2 BTA i Leikanger. Bygningsmassen består av eit hovudbygg oppført i 1978 med eit tilbygg frå 1992. Oppdraget til Statsbygg omfattar påbygg og oppgradering av eksisterande kontorbygg.

Det er eit ønske at dei 175 kontorplassane som er der i dag, blir auka til 235. Det vil samtidig bli etablert ny kantine med tilhøyrande møterom og trimrom.

I tillegg blir det bygd ny carport for ti tenestebilar, og eksisterande parkeringsplass blir utvida. Her vil det bli ladestasjonar for elbil og mange sykkelparkeringsplassar under tak.

Tilbygget på 2323 m2 vil få god standard og understreke funksjonen til kontoret som regionhovudkontor, samtidig som kostnadseffektivitet blir lagd vekt på.

Byggeprosjekt. Ferdige
Offentlig adm. og tjenesteyting

Askedalen 4

6863 LEIKANGER

Fakta

Oppdragsgivar: Statens vegvesen
Brutto bygningsareal: 6436 kvm hvorav 2428 nybygg
Oppstart/ferdigstilling: januar 2014/ august 2015
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 155 mill. kr.
Prosjektnummer: 1020401

BIM

Prosjektet blir gjennomført som eit BIM-prosjekt, og BIM-modell blir aktivt brukt på byggjeplass i basmøte kvar veke.

Thomas Sannum
Prosjektleder
Mob. 406 03 608
Send e-post

×