Bakgrunn og mål

Statsbygg har fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å vere byggherre for nybygg og rehabilitering ved Statsarkivet i Bergen.

Rolla som byggherre inneber å styre prosjektet innanfor gitte rammer, gjennomføre konkurransar for arkitektar, rådgivarar og utførande entreprenørar, vere tiltakshavar etter plan- og bygningslova, ha det overordna ansvaret etter byggherreforskrifta m.m.

Bakgrunn

Statsarkivet i Bergen er i ferd med å fylle opp dei eksisterande magasina og har behov for nye. For å følgje arkivlova må nye magasin plasserast nær publikumsavdelinga i arkivet og ha tørr tilkomst mellom desse.

Den eksisterande statsarkivbygningen har i hovudsak vore uendra sidan han blei bygd for formålet i 1920–21, og er i dag maksimalt utnytta. Måten arealet er utnytta på, ber preg av at ein har måtta improvisere.

Bygningen er ikkje tilrettelagd for personar med bevegelseshemming. Hovudinngangen går via ei flott hovudtrapp og tilhøyrande trapperom, mens tilkomsten for rullestol er via kjellarinngangen på baksida og så via vareheis som ein må ha hjelp frå andre for å bruke.

Verken publikumsareal eller kontor tilfredsstiller krava ein har i dag til ventilasjon.

Riksarkivaren har valt Statsarkivet i Bergen som lokalisering for ei av konserveringsavdelingane i Arkivverket.

Mål

Målet med prosjektet er å gi Statsarkivet nødvendige areal til at dei kan halde fram verksemda si i Årstadveien 22. Prosjektet er tredelt:

  1. Nytt magasinbygg under bakkenivå. Magasinet skal vere over to plan og ha tørr tilkomst til eksisterande bygg.
  2. Tilbygg som skal romme mottakssone, konserveringsavdeling og nokre kontor.
  3. Rehabilitering/ombygging av eksisterande bygg. Ny inngang som blir tilrettelagd for alle, og nye publikumsareal skal passast inn. Kontor og fellesfunksjonar for tilsette skal renoverast.

I tidlegfasen er tomt for tilbygg og p-anlegg på plass. Reguleringsplan er utarbeidd og endeleg vedteken.

Verneverdig bygning og hage

I 1925 fekk arkitekt Egill Reimers premie av Houens fond for Statsarkivbygningen. På lesesalen og i fleire av romma i 3. etasje er mykje av originalinnreiinga bevart. Entré og hovudtrapperommet har òg stor verneverdi. Bygningen og hagen rundt er regulert til spesialområde bevaring. Anlegget er foreslått i fredningsklasse på landsverneplanen for kulturminne for Kulturdepartementet (interiør, eksteriør og utomhusanlegg). Tiltak krev aksept frå Riksantikvaren.

Les meir på nettsidene til Statsarkivet i Bergen.

×