Miljømål

Desse miljømåla er utarbeidd for prosjektet:

Energi

  • Det er ei målsetjing at det maksimale årlege energiforbruket ikkje skal overstige 160 kWh/m2 ved ei brukstid på 10 timar per dag (5 dagar i veka) for rom med faste arbeidsplassar. Det er ein føresetnad at alle PC-ar er slegne av utanfor brukstida.

Kulturminnevern

  • Det er ei målsetjing å utforme det opphavlege anlegget slik at det blir ein god balanse mellom omsynet til kulturminnevernet og til den framtidig bruken.

Delmål:

  • Det skal takast omsyn til det antikvariske verdet i det opphavlege anlegget. Det skal fortrinnsvis brukast tradisjonelle materiale og gjerast så få inngrep i dei originale/verneverdige elementa som mogleg. Det skal ikkje fjernast meir av dei ståande bygningane enn høgst naudsynt, og gjenbruk skal fortløpande vurderast. Skadde bygningsdelar skal fortrinnsvis setjast i stand framfor å skifte ut heile bygningsdelen.
  • Det blir oppmuntra til bruk av tradisjonelle materialar som harmonerer med dei opphavlege materiala.
×