Sysselmannen. Tilbygg

Publisert 16.03.2015

Statsbygg har vore byggherre for utviding av administrasjonsbygget for Sysselmannen på Svalbard. Nybygget stor ferdig i 2014.

Kontorkapasiteten i Sysselmannens administrasjonsbygg på Svalbard var sprengd og fellesareal, møterom m.v. var dårleg tilpassa gjeremåla og oppgåvene hos Sysselmannen. Fleire av behova var òg av ein slik art at endringar i eksisterande bygningsmasse åleine ikkje kunne løyse utfordringane. Løysinga var ei utviding av den eksisterande bygningen.

Byggeprosjekt. Ferdige
Offentlig adm. og tjenesteyting

Vei 309-1

9170 LONGYEARBYEN

Oppdragsgivar: Justis- og politidepartementet
Prosjektering: Totalentreprise
Brutto bygningsareal: ca 600 kvm
Oppstart/ferdigstilling: 2. halvår 2013/1. halvår 2015
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 29 mill.kr
Prosjektnummer: 12377

×