UiA Gimlemoen. Nybygg

Statsbygg ferdigstitle dette prosjektet i 2011.

Då Universitetet i Agder, UiA (den gongen Høgskolen i Agder) i 2001 samla verksemda i Kristiansand på ny campus Gimlemoen, blei musikkutdanninga verande på konservatoriet i Kristiansand sentrum. I 2003 avgjorde høgskolestyret å samlokalisere musikkutdanninga med Fakultet kunstfag på Gimlemoen.

Kunnskapsdepartementet gav i januar 2004 Statsbygg i oppgåve å greie ut byggjeprosjektet.

Det nye musikkfagbygget skal erstatte nedslitne lokale i sentrum og leggjast i nær tilknyting til Fakultet kunstfag og universitetsmiljøet elles. Det blir forventa vesentlege økonomiske samdriftsfordelar av ei slik plassering. Likeins vil lokaliseringa av utdanninga til eit moderne musikkbygg sentralt på universitetsområdet vere med å auke interessa for studiet.

Oppdragsgivar Universitetet i Agder
Brutto bygningsareal ca. 3400 kvm
Planlagd oppstart/ferdigstilling April 2009/januar 2012
Status Ferdigstilt 2011
Kostnadsramme 146,9 mill. kr (prisnivå 01.07.2010)
Prosjektnummer 10929

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Gimlemoen

4630 KRISTIANSAND S

×