Bakgrunn og mål for prosjektet

Nybygget har vore planlagt sidan 1991. Behovet for nybygg er basert på behovet for ei sterk utviding og utvikling av odontologisk forsking, undervisning og klinikk sidan 1960-åra, i tillegg til at aldersslitasje har ført til overbelastning av eksisterande bygg med store vedlikehalds- og miljøproblem og mangelfull infrastruktur.

I perioden 1991–2001 blei det i dialog med fagdepartementet utarbeidd fleire romprogram og alternative forslag til lokalisering av eit nytt odontologibygg for Universitetet i Bergen, og dette enda med eit vedtak frå departementet om å plassere det på tomta etter PKI-bygget, når dette blir rive.

Vinteren 2003/2004 blei det gjennomført ein plan- og designkonkurranse med fem forslag. Forslaget til Kristin Jarmund arkitekter og teknisk rådgivargruppe blei kåra til vinnar og utvikla gjennom skisse- og forprosjekt hausten 2004 og våren 2005.

I statsbudsjettet for 2009 blei prosjektet prioritert for byggjeløyve.

Nybygget vil bli eit kombinert bygg for universitetsfunksjonane innanfor odontologi, regionalt kompetansesenter i odontologi og sentralklinikk for den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland. Bygget vil dermed realisere visjonen om ein integrasjon av forsking, høgare utdanning og utøvande tannhelseteneste som dreg nytte av og styrkjer kvarandre gjensidig.

×