UiN Bodø. Påbygg

Publisert 01.02.2014

Statsbsygg ferdigstilte dette prosjektet i 2014.

Universitetet i Nordland (UiN) har eit av dei mest moderne og kompakte campusområda i landet. Universitetet har i dag drygt 6000 studentar og 600 tilsette. UiN er i rask utvikling, studentpågangen er stor, og talet på tilsette aukar. UiN har derfor behov for fleire kontorarbeidsplassar.

Statsbygg har fått i oppdrag å utarbeide ein moglegheitsstudie for å auke talet på kontorplassar med 30–40. Eit påbygg skal romme dei nye kontora. Hovudbygningen er i tre etasjar, med ei fløy på to etasjar. Denne fløya blir bygd på med éin etasje i flukt med hovudbygningen.

Statsbygg gjennomfører prosjektet som ein totalentreprise.

Byggjestart er sett til 15. juni 2013 med ferdigstilling januar 2014.

Oppdragsgivar Universitetet i Nordland
Prosjektering Totalentreprise
Brutto bygningsareal 940 kvm
Miljømål Passivhus
Oppstart/ferdigstilling Juni 2013/januar 2014
Status Ferdigstilt
Kostnadsramme 40,5 mill. kr (prisnivå 01.07.2013)
Prosjektnummer 12227

Les meir om Universitetet i Nordland på uin.no

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Universitetsalleen 11

8049 BODØ

×