Miljømål

Statsbygg har utarbeidd følgjande miljømål for dette prosjektet:

Sidan bygget har status som “freda” er det klåre restriksjonar for kva som kan aksepterast av tiltak, også knytta til energi. Statsbygg har fått tydelege signal frå Riksantikvaren om at ein ikkje vil akseptere at fasadane blir tilleggsisolerte eller at vindauga blir skifta ut.

Prosjektet vil likevel, i samråd med Riksantikvaren, utføre tiltak som vil betre tilstanden for bygget, spesielt for dei tekniske anlegga.

På grunnlag av desse vurderingane er desse miljøambisjonane og miljømåla definerte:

Energibruk

Maksimalt årleg energiforbruk settast til 165 kWh/m2 (BRA) berekna i samsvar med NS 3031 for Oslo/ Blindern-klima.

Materialbruk

Miljøriktig material- og produktval med strenge krav til dokumentasjon av miljøeigenskapar og oppfølging i alle fasar av prosjektet, mellom anna ved å spørre etter EPD (Environmental Product Declaration) og dokumentasjon på stoffinnhald og avgassing for 20 materialar for å dokumentere at fastsatte miljøkrav til produkt er oppfylte.

Avfall

80 prosent kildesortering på byggjeplass.

×