Vabakkjen, Stord

Publisert 26.02.2015

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2015.

Statens vegvesen på Stord har behov for nye lokale. Det same har Stord lensmannsetat. Partane har derfor inngått ein avtale om samlokalisering i nybygg som blir oppført i Vabakkjen 7 på det som tidlegare var tomta til vegvesenet. Samlokaliseringa har både ei praktisk og ei økonomisk side og vil dessutan profilere den utoverretta verksemda til begge etatane på ein positiv og synleg måte.

Nytt bygg er planlagt som eit toetasjars bygg utan kjellar på 3171 m2, med to like store etasjar, og eit teknisk rom i tredje etasje.

Det ferdige bygget skal huse 73 tilsette, ha tre innvendige parkeringsplassar og kunne ta imot ca. 100 besøkjande per dag. Bygget rommar kontor, kantine, trimrom, garderobar, møterom, tekniske rom og ein del andre spesialfunksjonar for politiet.

Prosjektet blir gjennomført som eit BIM-prosjekt.

Byggeprosjekt. Ferdige
Offentlig adm. og tjenesteyting

Vabakkjen

5411 STORD

Fakta

Oppdragsgivar: Samferdsels- og Justis- og beredskapsdepartementet
Brutto bygningsareal: 3171 kvm
Ferdigstilling: November 2015
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 107,6 mill.kr. (prisdato 15.09.2013)
Prosjektnummer: 1019301

Thomas Sannum
Prosjektleder
Mob. 406 03 608
Send e-post

×