Søre Sunnmøre tingrett

Søre Sunnmøre tingrett ligg sentralt i Volda, i eit område med bustad- og næringseigedommar. Tomta på seks mål ligg i skrånande terreng og er delvis opparbeidd med hage. Til eigedommen høyrer òg ein skogsteig på 5,3 mål. 

Staten kjøpte eigedommen i 1905. To år seinare, i 1907, stod bygningane ferdige med kontor og bustad for sorenskrivaren i den same bygningen. Ein frittståande sidebygning som blei oppført samtidig, var funksjonærbustad som i tillegg hadde stall, hønsehus og vedskåle. Nedanfor hovudhuset blei det etablert eit hageanlegg.

Eksteriøret har bevart det opphavlege hovudpreget visuelt, men dei opphavlege smårutete vindauga er skifta ut i nesten heile bygningen. To dører og enkelte vindauge er blenda av.

Opphavleg opptok kontorfunksjonane berre ein del av første etasje. Etter ei større innvendig ombygging i 1985 blir heile bygningen brukt til kontor og rettssalar for tingretten. Planløysinga er dermed mykje endra, og alle innvendige flater og dei fleste dørene er nye.

Vern

I landsverneplan for justissektoren er bygningen gitt eksteriørvern i verneklasse 2. Målet er å bevare bygningen som del av det heilskaplege sorenskrivaranlegget, bevare forma på bygningen, det arkitektoniske uttrykket og originale enkeltelement. Også uteareala innanfor eigedomsgrensa er verna.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Skjervavegen 10

6100 VOLDA

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 6100 m2
Bruttoareal: ca 780 m2
Leietakere:
  • Domstolene i Norge

×