Stavanger tinghus

Stavanger tinghus ligg sentralt i Stavanger i eit område med bygningar av svært varierande alder. 

Stavanger tinghus blei utforma gjennom ein arkitektkonkurranse i 1937 som blei vunnen av Karl Grevstad. Planane blei godkjende i Justisdepartementet i 1938, og byggjearbeida starta i desember 1939. Dei blei så stansa på grunn av krigen og kom ikkje i gang igjen før 1946.

I krigsåra blei råbygget mellom anna brukt som kriselager for brensel. Tinghuset kom under tak med alle etasjar i 1947/48. Våren 1949 kom arbeidet med utvendig steinkledning i gang. Dette var eit verdifullt bidrag til sysselsetjinga i steinindustrien, som hadde det vanskeleg på denne tida. Etter fleire forseinkingar, mellom anna på grunn av materialmangel etter krigen, blei arbeida stort sett avslutta i løpet av 1951.

Fleire statsetatar flytte inn etter kvart. Planane for lagrettssalen måtte justerast, han skulle òg kunne brukast av Stavanger bystyre og Rogaland fylkesting. Innviinga var først i mai 1953.

Bygningen var gjennom ei omfattande rehabilitering og ombygging som blei ferdigstilt i 1992.

Vern

Bygningen er plassert i verneklasse 2 i landsverneplanen for justissektoren. Vernet omfattar eksteriøret på sørvestre delen av bygningen. Formålet er å ta vare på ein rettsbygning frå ei tid der ein bygde fleire monumentale tinghus.

Eiendom. Forvaltes
Tinghus

Bergelandsgata 10

4012 STAVANGER

Fakta

Eiendomstype: tinghus
Tomteareal: ca 1900 m2
Bruttoareal: ca 6650 m2
Leietakere:
  • Domstolene i Norge

×