Sunnhordland tingrett

Sorenskrivargarden ligg i Vidsteensvegen sentralt i Leirvik på Stord.

Eigedommen blei skild ut til sakførar J. Olsen i 1862, og han fekk ein bustad oppført på eigedommen. Då det i 1912 blei avgjord å flytte sorenskrivargarden til Leirvik, blei bygningen som står der i dag, byggjemeld av arkitekt Einar Schou frå Bergen. Schou gav bygningen eit eige, fritt komponert arkitektonisk uttrykk – han er svakt prega av klassisisme, men har òg element frå jugendstil og frå bergensk nybarokk frå denne tida.

Bygningen er oppført på grunnmuren til huset frå 1862 og ligg høgt i terrenget. Eksponeringa mot vågen og mot det gamle fengselet speglar den posisjonen embetet hadde.

Bygningsvolumet i to etasjar består av ein rektangulær kontordel og ein kvadratisk bustaddel, litt forskyvde innbyrdes. Kontordelen er sterkt bygd om innvendig, mens bustaddelen har bevart mykje av den opphavlege rominndelinga.

I 1992 blei det oppført ein ny bygning på baksida av den gamle sorenskrivarbustaden, med eksteriør i same stilen. Ei glasbru bind dei to bygningane saman.

Vern

Bygningen frå 1912 er verna i verneklasse 2 i landsverneplanen for justissektoren og gjennom reguleringsplan etter plan- og bygningslova. Vernet omfattar eksteriøret med bustad- og kontordel, interiøret i bustaddelen og den eksponerte, representative delen av hagen på sørsida av bygningen. Formålet med vernet er å bevare bygningen som representativ for slike embetsbustader, med tidstypisk preg frå 1912.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Vidsteensvegen 11

5417 STORD

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 6300 m2
Bruttoareal: ca 870 m2
Leietakere:
  • Domstolene i Norge

×