Hardanger tingrett

Sorenskrivargarden i Hardanger - i dag Hardanger tingrett – ligg på Lofthus i Ullensvang. Eigedommen har strandline mot Sørfjorden og er omgitt av eit praktfullt fjordlandskap. Lokalt namn på eigedommen er Sjøgarden.

Hardanger og Voss sorenskrivarembete blei delt i to i 1918, og departementet vedtok då at sorenskrivaren skulle bu på Lofthus. Dei første åra blei den gamle ”skrivargarden” på Helleneset stilt til disposisjon som kontor og bustad. Hardanger har elles ei gamal rettshistorie, og Agatunet på andre sida av Sørfjorden har ei lagmannsstove frå ca 1250.

Anlegget på Lofthus består av hovudbygning, naust, garasje og eit hageanlegg. Anlegget blei oppført i 1923 som bustad og kontor for sorenskrivaren. Det er teikna av arkitekt Einar Oscar Schou. Schou er mellom anna rekna som ein av opphavsmenna bak den såkalla Bergensskulen i arkitekturen, saman med mellom anna Egill Reimers og Ole Landmark.

Sidan sorenskrivargarden i Hardanger var ein viktig embetsmannbustad, blei hovudbygningen utforma som eit ”by-hus” i storleik og stil. Typisk for bergensstilen er liggjande panel, små-rutete vindauge, nybarokke detaljar kring dører og vindauge, vipp på taket og midtstilt gavlparti. Dei opphavlege bygningstrekka er godt varetekne, og sorenskrivargarden er eit viktig og markant bygningsanlegg på Lofthus. 

Staten oppretta eit eige fond for sorenskrivargardar ved lov av 1848. I 1932 var det 67 slike gardar i statleg eige. I dag er det berre tre att: i Hardanger, på Stord og i Volda. Fleire av dei tidlegare sorenskrivargardane blir i dag nytta som private bustader.

Vern

Hardanger tingrett er freda med naust og hage. Eigedommen er kultur- og arkitekturhistorisk viktig, som eit av dei få gjenverande sorenskrivaranlegga frå første delen av 1900-talet.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Sjøgarden

5781 LOFTHUS

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 2000 m2
Bruttoareal: ca 700 m2
Leietakere:
  • Domstolene i Norge

×