Oslo tinghus

Oslo tinghus ligg ved Hambros plass i Oslo sentrum og dekkjer heile kvartalet. Bygningane rundt er ei blanding av gamle og nye bygg som speler mot kvarandre. 

Tinghuset er eit av Oslos monumentalbygg med front mot C.J. Hambros plass. Frå gateplan fører breie trinn opp til inngangspartiet og understrekar alvoret som bygningen rommar.

Bygningen er tredje generasjon formålsbygde tinghus for Oslo. Han blei oppført 1991–1994 og er teikna av Østgaard arkitekter. Det nye tinghuset skulle dekkje rombehovet for alle domstolane i Oslo: lagmannsrett, tingrett, skifterett, byfutembete, byskrivarembete og arbeidsrett. Generaladvokaten fekk òg plass då bygget stod ferdig.

Bygningen er oppført med ein monumental front og sentral hovudinngang mot C.J. Hambros plass. Kunstverk er integrerte i fasade og interiør. For å gi eit preg av tidlaus ro og stødigheit er granitt brukt som hovudmateriale i fasadane og som golv i publikumsareal.

Over tid har det blitt plassmangel i tinghuset. Dette har ført til at lagmannsretten har flytt til Keysers gate 13.

C.J. Hambros plass er oppkalla etter stortingspresident Carl Joachim Hambro (1885–1964). Kvartalet Akersgata/Apotekergata/Pilestredet/Teatergata er òg kjent som Dittenkvartalet. Hoffapotekar Hans Selchier von Ditten (1820–1891) eigde Rikshospitalets apotek, som låg på hjørnet av Apotekergata og Akersgata. Eigedommen Dittenkvartalet var opphavleg ein del av Krigsassesor Brochmans løkke der Motzfeldts gard tidlegare låg.

Vern

Bygningen er verna, verneklasse 2, i Justisdepartementets landsverneplan. Formålet er å vareta ein representativ domstolsbygning frå tida etter 1980. I tillegg til høg arkitektonisk kvalitet speglar bygningen det auka behovet for tryggleik i samtida.

Eiendom. Forvaltes
Tinghus

C.J.Hambros Plass 4

0164 OSLO

Fakta

Eiendomstype: tinghus
Tomteareal: ca 2800 m2
Bruttoareal: ca 23540 m2
Leietakere:
  • Telenor Eiendom Holding AS
  • Domstolene i Norge

×