Sandeid fengsel

Sandeid fengsel ligg i eit landbruksområde i Vindafjord kommune, eit par mil vest for tettstaden Sandeid.

Fengselet er ein tidlegare sivilforsvarsleir som blei overteken av kriminalomsorga og etablert som fengsel 1. august 1985.

Fengselet har i alt 14 bygningar, dei fleste oppførte for sivilforsvaret og nokre seinare til fengselsformål. Administrasjonsbygget for arbeidsdrifta er oppført for fengselet, og det same gjeld tilhøyrande lagerbygg. Bustaden er bygd totalt om. Her er vakt/tryggingsteneste, helseteneste og besøksrom. Elles er alle bygningar pussa opp innvendig, men har i stor grad opphavleg preg.

Sandeid fengsel har open soning med totalt 88 plassar der åtte er for kvinner. Det er både snikkarverkstad og mekaniske verkstader i fengselet.

Eiendom. Forvaltes
Fengsel

Sandeidvegen 635

5585 SANDEID

Fakta

Eiendomstype: fengsel
Tomteareal: ca 35000 m2
Bruttoareal: ca 4500 m2
Leietakere:
  • Kriminalomsorgsdirektoratet

×