Telemark fengsel, Kragerø avdeling

Kragerø fengsel ligg i eit bustadområde i utkanten av Kragerø sentrum.

Det finst opplysningar om bygg på eigedommen tilbake til 1700-talet. Bustadhuset er nemnt, og i ein branntakst frå 1803 blir òg Steinhuset nemnt, som då var stall og drengestove. Eigedommen blei kalla Biørnsborg etter skipsreiaren som eigde det opphavleg.

Etter ein bybrann i 1886 overtok kommunen eigedommen, som blei teken i bruk til politikammer, rådhus og fengsel. Ein ny fengselsbygning med celler blei bygd i tegl, bak hovudbygningen.

I 1974 blei det oppført eit mellombygg i ein etasje som romma verkstad, og i 1981 blei det sett opp eit forbygg på det gamle fengselet. I 1984–86 blei fengselet totalrenovert, og ei ny fløy lagd til mot aust. I 1991 blei eit lager sprengt inn i fjellet på baksida av fengselet. Fengselet er tilpasset soning for kvinner.

I dag blir hovudbygningen brukt til politistasjon, steinhuset til kontor og lager for kriminalomsorga, mens cellene ligg i den utvida fengselsbygningen på baksida.

Vern

Steinhuset blei freda allereie i 1924, i samband med den første gjennomgangen av kva for bygningar som skulle fredast i Noreg.

Eiendom. Forvaltes
Fengsel

Gamle Kragerøvei 11

3770 KRAGERØ

Fakta

Eiendomstype: fengsel
Tomteareal: ca 1600 m2
Bruttoareal: ca 1120 m2
Leietakere:
  • Kriminalomsorgsdirektoratet
  • Telemark politidistrikt

×