Telemark fengsel, Skien avdeling

Skien fengsel ligg på ei høgd på Rødmyr i Skien kommune, omgitt av ein ringmur som ligg noko lågare i terrenget.

Skien fengsel er av dei nyaste fengsla i landet, frå 1993, basert på prinispp om høg sikkerheit, humanisme og livet etter soning. Her er plass til ca 80 innsette.

Anlegget består av ei administrasjonseining med helse- og velferdstilbod, eit vakttårn, to avdelingar med boeiningar, skole og verkstad under same tak og eit aktivitetsbygg.

Det er tett kontakt mellom innsette og ansatte, og i boeininga, som er for seks innsette, er det ikkje vaktrom. Med vekt på "dynamisk sikkerheit", mindre bygningar, utsikt, kunst og fargebruk har fengselet eit humanistisk preg. Sikkerheitstiltaka kjem bygningsmessig til uttrykk gjennom ringmuren, sluseporten og vakttårnet.

Anstalten er teikna av arkitektkontoret Anna og Jostein Molden, etter modell av Bergen fengsel. 

Eiendom. Forvaltes
Fengsel

Rødmyrlia 43

3740 SKIEN

Fakta

Eiendomstype: fengsel
Tomteareal: ca 106700 m2
Bruttoareal: ca 8850 m2
Leietakere:
  • Kriminalomsorgsdirektoratet

×