Haugesund fengsel

Haugesund fengsel blei etablert i 1914. Til fengselet høyrer seks bygg: hovudbygning (tidlegare rettslokale og leilegheit), cellefløy og midtbygning, alle frå 1912–1914, eit uthus (tidlegare grisehus frå 1958), nyare garasje og ventilasjonsbygg. 

Haugesund fengsel blei bygd med heimel i lov om fengselsvesenet av 1857. Det blei oppført i alt 56 distriktsfengsel knytte til denne reforma. Haugesund er, etter det vi veit, eit av dei seinaste.

Den eldste delen av fengselet er truleg basert på typeteikningane til Schirmer og von Hanno. Hovudstrukturen for anlegget med forbygning, mellombygning og cellebygning avvik derimot frå dei fleste 1860-fengsla, med å vere asymmetrisk.

Forbygningen er ein staseleg, høgreist bygning i to etasjar pluss kjellar/sokkel og med loft under eit stort valma, skifertekt tak. Bygningen er i pussa, raudmåla teglmur, visstnok engelsk holmur, med granitt sokkel og detaljering ved hjørne, hovuddør og vindauge. Bygningen har eit klassisk formuttrykk, men granittdetaljeringa gir manieristiske assosiasjonar. Cellebygningar er i to etasjar og har 18 celleplassar.

Statsbygg gjennomførte ei totalrenovering ferdigstilt i 2003.

Eiendom. Forvaltes
Fengsel

Skillebekkgata 10

5515 HAUGESUND

Fakta

Eiendomstype: fengsel
Tomteareal: ca 3600 m2
Bruttoareal: ca 1340 m2
Leietakere:
  • Kriminalomsorgsdirektoratet

×