Vik fengsel

Vik fengsel ligger relativt høyt i terrenget, vendt mot fjorden og godt synlig i landskapet. Beliggenheten er sentral i Vik i dag, men i 1864 var lokaliseringen tilbaketrukket fra øvrig bebyggelse.

Med hjemmel i lov om fengselsvesenet av 1857, ble det i dei påfølgande tiåra oppført 56 distriktsfengsel rundt om i landet med i alt 800 fangeplassar. Arkitektene Schirmer og von Hanno utarbeidde typeteikningar som mange av desse distriktsfengsla, dei såkalla 1860-fengsla, er oppførte etter. Typeteikningane omfatter ein cellebygning, ein forbygning med rettssal og bustad, og ein mellomgang som forbinder dei to. Vik fengsel er eitt av distriktsfengsla som er oppført etter desse typeteikningane.

Vik fengsel blei teke i bruk i 1865 og har vore i kontinuerleg drift sidan. 

Vik er det einaste fengselet i Sogn og Fjordane, og det tek også imot dømde frå Hordaland. Fengselet består i dag av åtte bygningar. Bygningsmassen er lite endra frå det opphavlege, både når det gjeld interiør og eksteriør.

Det er ti bygningar på eigedommen, tre av dei frå byggjeåret 1864. Ei ny celleavdeling med 28 celler blei oppført i 2007. og eit servicebygg som blei sluttført i 2009. Dei gamle fengselsbygga blei rehabiliterte i 2009 og er i dag ein avdeling for elleve innsette. Jobben blei gjort i samarbeid med Riksantikvaren og dei innsette gjorde sjølve store delar av arbeidet.

Vern

Bygningane frå 1865 – forbygning, mellomgang og cellebygning - er freda i samband med landsverneplanen til justissektoren. Fredinga gjeld eksteriør og interiør i alle tre bygningar. Uteområdet er verna etter plan- og bygningslova, og rekna i verneklasse 2 i landsverneplanen.

Fredinga skal sikre eit av dei best bevarte såkalla «1860-fengsla», som eit viktig døme på den store utbygginga av distriktsfengsel. Freding skal sikre samanhengen mellom bygningane og heilskapen i anlegget.

Eiendom. Forvaltes
Fengsel

Røysavegen

6891 VIK I SOGN

Fakta

Eiendomstype: fengsel
Tomteareal: ca 7200 m2
Bruttoareal: ca 3070 m2
Leietakere:
  • Kriminalomsorgsdirektoratet

×