Vabakkjen. Politiet og Statens vegvesen

Statens vegvesen og Politiet på Stord flytta i oktober 2015 inn i nytt, felles bygg i Vabakkjen 7 på Stord. 

Statens vegvesen på Stord og Stord lensmannsetat hadde både behov for nye lokale. Derfor inngjekk dei ein avtale om samlokalisering i eit nybygg som skulle oppførast på det som tidlegare var tomta til vegvesenet, i Vabakkjen 7. 

Bygget er 3171 kvadratmeter stort med to like store etasjar. I tredje etasje finst eit teknisk rom. Bygget huser 73 tilsette, har tre innvendige parkeringsareal og skal kunne ta imot ca. 100 besøkande kvar dag. Her er óg kontor, kantine, trimrom, garderobar, møterom, tekniske rom og ein del andre spesialfunksjonar for politiet.

Energieffektivt bygg

Bygget er det mest energieffektive Statsbygg nokon gong har bygd. Det har eit energibehov for levert energi48 kWh per kvadratmeter kontorareal, og berre 34 kWh per kvadratmeter for bygget totalt. Dette er ein tredel av det som er normalt for gode, nye kontorbygg. Behovet for romoppvarming er berre 4,1 kWh per kvadratmeter i året. For heile bygget tilsvarer det varmen frå to vanlege panelomnar.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Vabakkjen 7

5411 STORD

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 4900 m2
Bruttoareal: ca 3260 m2
Leietakere:
  • Statens Vegvesen Region Vest
  • Sør-Vest Politidistrikt

×