Skriv ut med undersider

Dronningberget

Publisert 05.03.2015

På 1800-talet var dette området ei av perlene i folkeparken på Bygdøy, det som den gongen heitte Ladegaardsøen.

I 1825 besøkte dronning Desirée Ladegaardsøen og blei begeistra av utsikta frå Lindehagen. Ho sørgde for at det blei laga fleire stiar på kollen. Sidan har staden hatt namnet Dronningberget.

Dronningberget har vore ein populær utfartsstad på Bygdøy. På midten av 1800-talet fekk Dronningberget fleire attraksjonar som Wedel-monumentet og Sæterhytten i tillegg til dei etablerte stiane og utsiktspunkta.

Wedel-monumentet

Monumentet er ein byste av grev Herman Wedel Jarlsberg og bestemt reist av Karl Johan då Wedel Jarlsberg døydde. Monumentet blei avduka i 1845.

Som ein del av regjeringa si gåve til kongeparet sine 70-årsdagar i 2007 blei monumentet restaurert. Det opphavlege smijernsstakittet blei rekonstruert, den sørgjande riksløva nystøypt og monumentet senka til den originale høgda det hadde.

Sæterhytten

Sæterhytten var reist etter Dronning Louises (1828–1871) ønske. Innviinga skjedde på namnedagen hennar 25. august 1862. Undersøkingar har vist at bygningen er gjenbruk av badehuset som låg ved Oscarshalls strand.

Sæterhytten fekk ein musikkpaviljong i 1866, og same året ble det opna servering på staden. Sæterhytten var eit populært utfluktsmål for mange Christiania-borgarar.

Som ein del av regjeringa si gåve til kongeparet i 2007 blei Sæterhytten, musikkpaviljongen og området rundt restaurert. Overleveringa skjedde i 2011. Sæterhytten er i dag lagd til rette for kafédrift og utstillingar.

Landskapet

Istandsetjinga av området på Dronningberget inngjekk òg i gåva til kongeparet. Dette omfatta mellom anna gjenoppbygging av stiar, opparbeiding av utsiktspunkt, utplassering av benker, tynning av skog og tiltak for å betre trafikksituasjonen ved inngangspartiet til parken.

Last ned:

Dronningberget, Bygdøy
Faktaark
×