Statens vegvesen, regionkontor vest

Statens vegvesens regionkontor vest er ein del av sentrumsbygga i Hermannsverk, Leikanger.

Bygningsmassen består av eit hovudbygg oppført i 1978 og eit tilbygg frå 1992.

I 2015 ferdigstilte Statsbygg eit tilbygg og ei oppgradering av eigedommen. Med dette blei talet på kontorplassar auka frå 175 til 235. I tillegg blei det etablert ny kantine med tilhøyrande møterom, ny carport og utvida parkering. Arkitektar var Arkitektkontoret Erling Haugen.

Tilbygget held ein god standard og understrekar funksjonen kontoret har som regionhovudkontor for Vegvesenet i vest.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Askedalen 4

6863 LEIKANGER

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 10200 m2
Bruttoareal: ca 6250 m2
Leietakere:
  • Statens Vegvesen Region Vest

×