Statens vegvesen, Haugesund distriktskontor

Haugesund trafikkstasjon ligg sør for bykjernen i Haugesund. Området rundt stasjonen er prega av industri- og næringsbygg og einebustader.

Trafikkstasjonen består av kontorfløy, kontrollhall for små køyretøy, kontrollhall for store køyretøy, vekt, sosiale rom og vegstasjon.

Bygningen blei oppført som biltilsynsstasjon i 1971. Det meste av det opphavlege anlegget er rive, men kontrollhallen er teken vare på.

Det blei gjennomført ei rehabilitering og oppført eit nybygg/tilbygg på eigedommen i 1999. Dette tilbygget utgjer størstedelen av bygget i dag. Arkitektar for dette prosjektet var Arkitektbyrået Sjåtil & Fornæss.

Eiendom. Forvaltes
Veg- og trafikkstasjon

Kvaløygata 1

5537 HAUGESUND

Fakta

Eiendomstype: veg- og trafikkstasjon
Tomteareal: ca 10800 m2
Bruttoareal: ca 2210 m2
Leietakere:
  • Statens Vegvesen Region Vest

×