Statped, Eikelund

Eikelund kompetansesenter ligg ved Myravatnet på Paradis sør for Bergen sentrum. Eigedommen ligg i eit kupert terreng med eit stort park- og grøntområde rundt. Sandbrekkveien deler eigedommen i to. Gangbru over vegen bind anlegget saman. 

Institusjonen blei etablert i 1882 som «Sæthres Institut for aandsvage Børn». Eigedommen Eikelund blei kjøpt for å etablere spesialskolen der i 1884. I perioden fram til 1947 blei det oppført bygningar som følgje av institusjonsetableringa på staden og bygningar knytte til gardsdrifta.

Ein stor, monumental murbygning «i renessansestil» stod ferdig i 1887 som skole- og internatbygning og som familiebustad for eigar/styrar. Omkring denne hovudbygningen blei det opparbeidd eit park- og hageanlegg i den romantiske landskapsstilen som prega tida.

Anlegget består av 26 bygningar. Administrasjons- og skolebygningen dannar eit tun saman med uthusbygningen og leskur. Gammal gymsal, observasjonspaviljong, agronombygning og vaktmeister- og styrarbustad ligg plassert friare rundt. Kantine og kurssenter ligg på andre sida av vegen. Ei større utbygging skjedde òg på 1960-talet med elevpaviljongar og hybelbygg, samla lengst vest på eigedommen. Plasseringa av bygningane er i tråd med ideen bak spesialskolar som eit totalt anlegg med alle funksjonar som var nødvendige for verksemda på staden.

Det siste byggjetrinnet omfattar nytt tilbygg på skolebygningen og ombygging av den opphavlege økonomibygningen til kurs og kantine. Bakgrunnen for utbygginga var ei samlokalisering på Eikelund av Eikelund kompetansesenter, Vestlandet kompetansesenter og Syns- og audiopedagogisk tjeneste. Prosjektet blei ferdigstilt i 2006. Arkitektar: Nina Pettersen og Ottar Berger. Les om prosjektet i ferdigmeldinga.

I dag er det Statped vest som held til her. Statped vest betener fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og omfattar Eikelund, Søreide og Vestlandet kompetansesenter.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Sandbrekkevegen 27

5231 PARADIS

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 102500 m2
Bruttoareal: ca 8130 m2
Leietakere:
  • Statped

Last ned

Statped Vest. Nybygg og ombygging
Ferdigmelding

×