STAMI, Statens arbeidsmiljøinstitutt

Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI, er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse og er organisert under Arbeids- og sosialdepartementet.

STAMI ligg på Majorstua i Oslo i eit område med fleire statlege eigedommar med verksemder relaterte til forsking og høgare utdanning: Det teologiske fakultet / Universitetet i Oslo, Noregs musikkhøgskole og Politihøgskolen bl.a.

Nordvestfasaden vender ut mot Tørtberg, på folkemunne kalla Frigg-feltet etter fotballklubben Frigg. Tomta er på 5,2 mål.

Stortinget vedtok allereie i 1947 å setje av midlar til å byggje eit yrkeshygienisk institutt, men planane blei av ulike grunnar lagde bort. I 1953 blei dei tekne fram igjen, og arbeidet heldt fram. Romprogram blei vedteke i 1956, og arkitekt Arnstein Arneberg blei engasjert for å lage eit forprosjekt. Dette var ferdig i 1958, og byggjearbeida starta i 1961. Arneberg døydde i 1961, så utførande arkitekt var Per Solemsli.

Eit tilbygg og ei ombygging blei gjennomført i 1994–1996, arkitektar: HRTB.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Gydas Vei 8

0363 OSLO

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 5800 m2
Bruttoareal: ca 8530 m2
Leietakere:
  • Universitetet i Oslo
  • Statens arbeidsmiljøinstitutt

×