Folkehelseinstituttet

Nasjonalt folkehelseinstitutt har sidan 1929 vore lokalisert på Lindern og er godt etablert i området som er blitt eit kunnskapssenter innanfor helse.

Folkehelseinstituttet (Nasjonalt folkehelseinstitutt) ligg på Lovisenberg. Dette området utvikla seg på slutten av 1800-talet til å bli eit av dei mest utprega institusjonsområda i byen. I 1887 etablerte Diakonissehuset det store sjukehuset sitt og andre store sosiale institusjonar her. Ei rekkje andre institusjonar blei òg etablerte i strøket omkring hundreårsskiftet, som ein heim for ugifte mødrer i 1892 og ein pleieheim for syfilitiske barn i 1912. Noregs tannlegehøgskole (no Odontologisk fakultet) blei etablert på området frå 1926.

Statens institutt for folkehelse blei oppretta i 1929 under Sosialdepartementet. På 1920-talet var Noreg eit av dei aller fattigaste landa i Europa. Etablering av eit eige folkehelseinstitutt blei mogleg takka vere ein betydeleg donasjon frå Rockefeller Foundation. Det mikrobiologiske miljøet ved instituttet har hatt veldig mykje å seie for utviklinga av mikrobiologi i Noreg. Etter kvart har instituttet teke opp i seg ei rekkje andre område som miljømedisin, samfunnsmedisin, psykisk helse, rusmiddelforsking og rettstoksokologi.

Folkehelseinstituttet består i dag av fleire bygningar oppførte omkring 1930 og 1960 og eit stort laboratoriebygg i Lovisenberggate 6 oppført i 1994. Dei eldste bygga på tomta , teikna av arkitekt Bredo Greve, er tilpassa Lindern-komplekset frå 1917–20 både når det gjeld volum, og i nokon grad stil. Dei seinare bygga på området er prega av modernismen i etterkrigstida. Den mest særprega av dei seinare bygningane er arkitektane Per Cappelen og Harald Ramm Østgårds nye hovudbygning i nybrutalistisk stil frå 1969.

Vern

Det eldste bygningsmiljøet ved Folkehelseinstituttet er freda som eit helsehistorisk verdifullt kulturminne og som eit element i institusjons- og bylandskapet omkring Lovisenberg og Lindern med høg miljøverdi. Vernet omfattar dei tre eldste bygningane, forhagar og hageanlegg ved hjørnebygningen og kontorvillaen og skal sikre arkitekturen, materialbruken og detaljeringa til bygningane i tillegg til forhagane og hageanlegga som høyrer til. 

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Lovisenberggt. 8

0456 OSLO

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 18500 m2
Bruttoareal: ca 41210 m2
Leietakere:
  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

×