Havforskningsinstituttet, Austevoll

I 1972 blei det bestemt at Statens Fiskarfagskole skulle flyttast frå Bergen til Austevoll, og det blei under prosjekteringa bestemt at ein akvakulturstasjon (havbruksstasjon) skulle innpassast på tomta.

Havbruksstasjonen blei etablert i 1978 og ligg på Huftarøy i Austevoll. Forskingsstasjonen består av Akvakulturstasjonen og Fiskarfagskolen. Sistnemnde disponerer både hovudbygg, verkstadbygg, åtte elevinternat og vaktmeisterbustad.

Austevoll og Matre havbruksstasjonar (sjå lenke nedst) er industriprega anlegg oppførte på 1970-talet og seinare hyppig utvida.

Akvakulturstasjonen, som stod ferdig i 1978, hadde opphavleg kontorplass til tre personar og var ei minimumsløysing. Allereie året etter starta provisoriske utvidingar for å løyse plassbehovet, og dei neste åra kom det til fleire brakker, forsøkshall m.m. Med Austevoll kommune mellom dei aktive pådrivarane stod byggjetrinn 2 ferdig i 1988: Ein treetasjes bygning (lagd til rette for éinetasjes påbygg) med mellom anna laboratorium, klekkeri, kontor, undervisningsrom og hyblar.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Nyvågsneset

5392 STOREBØ

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 90200 m2
Bruttoareal: ca 5910 m2
Leietakere:
  • Havforskningsinstituttet

×