Telemark barne- og familiesenter

Avdeling ligg i boligområdet Gulset ca. sju kilometer frå Skien sentrum.

Eigedomskomplekset blei opphavleg etablert av Stiftelsen Telemark vernelag, som bygde institusjonen (hybelhus) i 1974 som rehabilitering for kriminelle. I 1980 tok Kriminalomsorg i fridom over institusjonen. Denne verksemda blei avvikla rundt 1990, og eigedommen blei leigd ut til Telemark fylkeskommune og teken i bruk som barnevernsinstitusjon i 1992.

Eigedommen består av hovudhus og eit administrasjonsbygg. Administrasjonsbygget blei bygd om i 1993, hovudhuset i 2001.

Etter ei omorganisering i samband med overføring av fylkesbarnevernet til staten i januar 2004 blei Skien barne- og familiesenter etablert på eigedommen i 2007. Ønsket om ei vidare samlokalisering førte etter kvart til planar om eit nybygg. Statsbygg, som no hadde teke over ansvaret for alle barnevernsinstitusjonane i landet, fekk oppdraget i 2011, og nybygget stod ferdig i juni 2012. Arkitekt for nybygget var Arkitektkontoret Spir.

Eiendom. Forvaltes
Barnevernseiendom

Gulsetringen 313

3742 SKIEN

Fakta

Eiendomstype: barnevernseiendom
Tomteareal: ca 4500 m2
Bruttoareal: ca 1460 m2
Leietakere:
  • Barne-, Ungdoms- og Familiedirektoratet

×