Kløvertunet

Eigedommen, tidlegare Sunnmørsheimen, ligg ved Myrene, sentralt i Volda. 

Eigedommen blei bygd i 1974 som hjelpepleiarskule og består av tre bygningar: internat, kontor/administrasjon og eit bustadhus.

I samband med omorganiseringa av vidaregåande utdanning flytte hjelpepleiarutdanninga ut av lokala, og dei stod tomme fram til Sunnmørsheimen tok over i 2001. Sunnmørsheimen brukte i tillegg ein einebustad frå 1935 (tidlegare overlegebustad) som òg ligg på eigedommen. Eigedommen var då i fylkeskommunalt eige, men blei overteken av staten i 2004 då Statsbygg fekk ansvaret for alle barnevernseigedommar.

Eigedommen blir i dag brukt av Høgskulen i Volda.

Eiendom. Forvaltes
Barnevernseiendom

Sjukehusvegen 6

6100 VOLDA

NO

Fakta

Eiendomstype: barnevernseiendom
Tomteareal: ca 10300 m2
Bruttoareal: ca 2590 m2
Leietakere:
  • Link As

×