Meltunet barne- og ungdomsheim

Meltunet barne- og ungdomsheim ligg i Eid kommune, fint plassert i tilknyting til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum. Nærmaste nabo på sjøsida er Eid prestegard. 

Opphavleg høyrde eigedommen til prestegarden. Prestebustaden blei delt frå frå gardstun, låve og forpaktarbustad.

Komplekset består i dag av fire bygningar: bustadhus/kontor, driftsbygning, garasje og kontorbygg. Bygningane blei bygde om til barnevernsformål i 1994, og barnevernet tok institusjonen i bruk i 1995.

Den opphavlege forpaktarbustaden blir brukt til ungdomshus med åtte hyblar, kontor, felleskjøkken og stove. Låven blir brukt til aktivitetsrom, møterom, stall og større aktivitetsrom med klatrevegg som er open for eksterne brukarar (skolar, klatreklubbar). Det nye kontorbygget på 158 m2 blei bygd for å frigjere areal i ungdomshuset.

Institusjonen gir behandlingstilbod til ungdom mellom 14 og 18 år og har fire plassar.

Eiendom. Forvaltes
Barnevernseiendom

Sophus Lie-Vegen 9

6770 NORDFJORDEID

Fakta

Eiendomstype: barnevernseiendom
Tomteareal: ca 6300 m2
Bruttoareal: ca 1170 m2
Leietakere:
  • Barne-, Ungdoms- og Familiedirektoratet

×