Villa Rød ungdomssenter

Stavanger barnevernsenter avd. Våland (Villa Rød) er ei av tre avdelingar av Stavanger barnevernsenter. Villa Rød  ligg i eit bustadområde nær Stavanger sentrum.

Stavanger barnevernsenter avd. Våland er ein institusjon for ungdom mellom 13 og 18 år.

Bygningen er ein einebustad i nybarokkstil frå 1923, kjøpt av Frelsesarmeen i 1961 for å bli brukt til nytt lokale for Heimly vernehjem for unge kvinner. I den samanhengen bygde Frelsesarmeen anneks med soverom. I 1986 la Frelsesarmeen ned drifta av institusjonen. Rogaland fylkeskommune overtok lokala og starta ein ungdomsbase som blei driven fram til 1998. To år seinare overtok barnevernsinstitusjonen Villa Rosa lokala og skifta namn til Villa Rød etter fargen på huset. Staten overtok eigedommen i 2004.

Vern

Bygningen er freda, som eksempel på barneheimar etablerte i ein eksisterande einebustad. Formålet er òg å ta vare på det arkitektoniske uttrykket i eksteriøret.

Eiendom. Forvaltes
Barnevernseiendom

Rogalandsgata 18

4011 STAVANGER

Fakta

Eiendomstype: barnevernseiendom
Tomteareal: ca 1200 m2
Bruttoareal: ca 520 m2
Leietakere:
  • Barne-, Ungdoms- og Familiedirektoratet

×