Høgskolen Stord/Haugesund, Stord

I 1994 ble Statens sikkerheitshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule slått sammen til Høgskolen Stord/Haugesund.

Starten på utviklinga av høgare utdanning på Stord kom allereie i 1838, med kongeleg resolusjon om Stordøens seminarium. Eit stiftsseminarium blei starta ved prestegarden året etter. I 1864 kjøpte staten to gardar på Rommetveit, og det blei oppført ein hovudbygning for skulen. Det blei òg løyvd midlar til fleire bygningar i åra etter, men av desse blei berre gymnastikksalen bygd i denne første viktige byggjeperioden, 1870. I 1881 følgde øvingsskolen, seinare kalla Annekset.

I 1913 var det tid for modernisering. Mellom anna fekk alle bygningane elektrisk lys. To år seinare kom ny brønn med vassleidning fram til hovudbygning og gymnastikksal. Den andre store byggjeperioden starta i 1919 med fullføringa av lærarbustaden Osahaugen. Same året løyvde Stortinget midlar til rektorbustad (Borg) og internat (Granheim). I 1922 følgde gymnastikkbygningen, som avslutning på den andre byggjeperioden.

Den tredje store byggjeperioden kom på 1960-talet og omfatta tre byggjetrinn. Det første starta i 1962 med oppføring av velferdsbygg med kjøkken og matsal. Deretter følgde spesialundervisningsbygg. Tredje og siste byggjetrinn, med musikkavdeling, formingsavdeling og føredrags- og festsal stod klart i 1968. Parallelt med dette bygde kommunen øvingsskule og stilte tomt til rådigheit for oppføring av 200 hyblar.

Ved høgskulereforma i 1994 blei det oppført eit nytt undervisningsbygg, tilkopla spesialundervisningsbygget frå 1962. Sjukepleiarutdanninga fekk dessutan eit nybygg i 2004. I tillegg til utvalet av undervisningsbygg, støttefunksjonar og bustader omfattar eigedommen naust og sjøbuer.

Vern

Ti bygningar og delar av utearealet er freda. Ytterlegare seks bygningar er sikra i verneklasse 2 i landsverneplanen til Kunnskapsdepartementet og med reguleringsplan. Målet med vernet er å sikre eit anlegg med stor kulturhistorisk, arkitektonisk og utdanningshistorisk verdi. Anlegget er unikt i nasjonal samanheng ved at det viser så godt bevarte heilskaplege anlegg frå dei tre første utbyggingsperiodane, som spenner frå 1860-talet til 1960-talet.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Rommetveit

5414 STORD

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 496600 m2
Bruttoareal: ca 16490 m2
Leietakere:
  • Høgskulen På Vestlandet

Les ferdigmeldinga frå 2004

Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit. Tilbygg
Ferdigmelding

×