NTNU i Ålesund

NTNU i Ålesund ligg sentralt plassert på Fogdegården, fire kilometer aust for Ålesund sentrum og med praktfull utsikt mot Synnmørsalpane i sør.

Høgskolen i Ålesund blei etablert i 1994 ved at dei tre statlege høgskolene i Ålesund, Møre og Romsdal ingeniørhøgskole, Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole og Sjukepleiarhøgskulen i Ålesund, blei slått sammen til ein utdanningsinstitusjon. 

Fram til 1990-åra var studieretningane spreidd på fleire studiestader: Gangstøvika, Fogdegården, Volsdalsberga og Åse. I 1989 blei det avklara at staten ønskte å stå for utbygginga av eit nytt bygg som skulle muliggjere samlokalisering på Fogdegården, Statsbygg fekk oppdraget i 1991, arkitektkonkurranse blei gjennomført, vinnar var Odd Slyngstad sivilarkitekter, og nybygget sto klart i 1999. Eigedommen elles inneheld to eldre fagskolebygningar frå 1965 og 1967.

I 2012/2013 gjennomførte Statsbygg ei rehabilitering av laboratoriebygget og svalgangen. Arkitekt var Slungstad Aamlid arkitekter.

Frå 2016 er skolen ein del av NTNU.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Fogd Greves Veg 9

6009 ÅLESUND

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 44000 m2
Bruttoareal: ca 30480 m2
Leietakere:
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • NTNU
  • Barne-, Ungdoms- og Familiedirektoratet
  • Ice Communication Norge As

Last ned ferdigmelding frå 1999

Høgskolen i Ålesund
Ferdigmelding

×