Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda ligg i svakt skrånande terreng, sentralt i Volda med det opphavlege hovudbygget frå 1922 som eit naturleg midtpunkt. Dei sju bygningane som utgjer skolen, ligg på rekkje med idrettsbygget lengst i vest og Hans Strøm-huset lengst mot aust.

Høgskulen i Volda blei oppretta i 1994 ved samanslåing av tidlegare Volda lærarhøgskule og Møre og Romsdal distriktshøgskule (1970), Volda. Men Volda har ei fortid som skolestad allereie frå 1895, då det blei etablert ei lærarutdanning her.

Hovudbygningen blir i dag kalla Kaarstadhuset og består av tre byggjetrinn. Det første er hovudbygningen for lærarskolen frå 1922. Andre byggjetrinn er frå 1982 og er eit påbygg til hovudbygningen som bind det gamle hovudhuset og påbygget saman med ein hall i to etasjar. Siste byggjetrinn er frå 2001, eit nytt tilbygg som er bygd saman med 1982-tilbygget. Les meir i ferdigmeldinga frå prosjektet.

Vern

Den gamle hovudbygningen frå 1922 er verna i verneklasse 2 gjennom landsverneplanen til Kunnskapsdepartementet. Vernet omfatter eksteriøret og parken framfor bygningen. Formålet er å bevare ein representant for dei private lærarseminara i distrikts-Noreg, og ein bygning som var sentral i utviklinga av Volda som utdanningsstad.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Joplassvegen 11

6100 VOLDA

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 76500 m2
Bruttoareal: ca 25470 m2
Leietakere:
  • Høgskulen i Volda

Les ferdigmeldinga frå 2002

Høgskulen i Volda. Byggjesteg II
Ferdigmelding

×