Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Bø

Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Bø ligg på Gullbringområdet, sørvest for Bø sentrum.

Etter ein periode med prøvedrift frå 1970, blei ordninga med distriktshøgskoler permanent frå 1974. Distriktshøgskolen i Bø i Telemark var ein av distriktshøgskolene som då blei videreført.

I løpet av seks  månader i 1971 fekk ein oppført lokale for 160 studentar, men allereie i 1973 var lokala for små og ein ny fløy blei bygd. I fleire omgongar frå 1975 og utover var det naudsynt i tillegg å ty til leigde lokale. Slik blei skolen spreidd på fleire lokalitetar rundt om i Bø.

På midten av 1980-talet blei planane om bygging av eigen, ny høgskole på Gullbring-området til verkelegheit. Med utgangspunkt i eit ønske om sambruk for høgskolen og kommunen, blei Gullbring kulturanlegg med lokale for idrett og kultur, bygd samtidig. Høgskolen sto ferdig i 1994. Kulturanlegget blei teken i bruk i mai 1994 og fekk eit byggjetrinn II med m.a. kino seinare same år. 

Eigedommen er et samanhengande bygningskompleks i tegl med berekonstruksjon av betong. Uteareala består av parkering, grøntareal, idrettsanlegg med løpebane, fotballbane og asfaltert ball/isbane.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

Gullbringvegen 36

3800 BØ I TELEMARK

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 73500 m2
Bruttoareal: ca 15640 m2
Leietakere:
  • Høgskolen i Sørøst-Norge (Hsn)

×