Universitetet i Stavanger

Frå Universitetet i Stavanger på Ullandhaug er det utsikt til Hafrsfjord, der Harald Hårfagre i år 872 svinga sverdet og samla Noreg til eitt rike. Frå Jernaldergarden rett bak UiS er det praktfull utsikt over Nord-Jæren og Hafrsfjord.

I 1966 vedtok Stavanger bystyre og Sola kommune å regulere eit 1200 mål stort område på Ullandhaug til høgare undervisnings- og forskingsformål. I 1969 vedtok Stortinget å opprette Rogaland distriktshøgskole (RDH), som starta opp same hausten. RDH blei etter kvart spreidd i 18 bygningar i Stavanger.

I 1972 blei det lagt planar for nye undervisningsbygg, og arkitektane Hultberg, Resen, Throne-Holst & Boguslawski stod for hovudplanen for RDH på Ullandhaug-området. I 1972 flytte Stavanger lærerskole inn i nybygg på Ullandhaug – Hagbard Line-huset (arkitekt S. Brandsberg-Dahl), og same året blei EDB-huset teke i bruk. I 1973 oppretta Rogaland fylke Rogalandsforskning, som blei samlokalisert RDH.

I perioden 1974 til 1984 blei Kjølv Egelands hus oppført i seks ulike byggjetrinn (arkitekt Torsvik og Thesen). I 1986 blei eige bygg for hotellfagskulen, Ellen og Aksel Lunds hus, oppført (arkitekt Hultberg, Resen, Throne-Holst & Boguslawski, påbygg 1997 arkitekt Aros), og i 1990 kom servicebygget, Kitty Kiellands hus (arkitekt Toralf Kaada). I 1995 stod Kjell Arholms hus for helse- og sosialfag ferdig (arkitekt Hoem Kloster Schjelderup Tonning), og i 2005 det nye sentralbygget Arne Retterdals hus (arkitekt HRTB). Nytt studenthus blei ferdigstilt i 2011 (Link arkitekter), nytt laboratoriebygg i 2014 (NUNO arkitektur) og nytt bygg for Det samfunnsvitenskapelige fakultet i 2015 (arkitektar HENT). Sistnemnde har mellom anna auditorium med 650 plassar.

I 2005 blei Høgskolen i Stavanger til Universitetet i Stavanger.

Universitetsområdet og arealet rundt har område med mykje kulturhistorisk verdi, mellom anna er det ei gammal ferdselsåre som går diagonalt gjennom området. Nærleiken til botanisk hage og den rekonstruerte jarnaldergarden er òg viktig.

Eiendom. Forvaltes
Undervisning og forskning

4036 STAVANGER

Fakta

Eiendomstype: undervisning og forskning
Tomteareal: ca 258500 m2
Bruttoareal: ca 109130 m2
Leietakere:
  • Universitetet i Stavanger

×